Kristin Parkinson Vågen er tilsett i stillinga som ungdomslos, og seier dette:

Eg gler meg, og er samtidig spent på å starte i denne nyoppretta stillinga som ungdomslos i Nissedal Kommune.
Eg har eit stort engasjement for ungdom og for at dei skal ha gode føresetningar for ei fin ungdomstid her i kommunen. Eg ser dette i samanheng med om dei meistrer sin nye kvardag i vidaregåande skule. Alle ungdom i kommunen må reise vekk på hybel/internat for å ta vidaregåande skule. Dette går bra for dei aller fleste, men for somme blir utfordring slik at dei ikkje klarer å gjennomføre denne skulegangen. At Nissedal kommune nå legg ekstra vekt på dette vil eg gjerne vere med å bidra inn i.  Eg har tru på å jobbe med fokus på relasjon og motivasjon, samtidig som ein er tydeleg og løysningsorientert. Eg har sidan 2015 hatt stilling som flyktningkonsulent i kommunen, men då denne gradvis fasast ut, arbeider eg nå i eit fylkeskommunalt folkehelseprosjekt; Ung i Nissedal med fokus på ungdom og trivsel, haldningar til rus og utjamning av sosiale skilnader. Gjennom dette har eg hatt mykje kontakt med våre flotte ungdommar, med Ungdomsrådet og har arrangert fleire aktivitetar for ungdom. Kombinasjonen ungdomslos og Ung i Nissedal ser eg som ideell.

Eg håpar føresette, tilsette i kommunen og ikkje minst ungdomen sjølv ikkje nøler med å ta kontakt.