Tema for samlinga var: Du er framtida, bruk stemma di! Grøn framtid.

Under dei to dagane var det høve til å stille til val for Vestfold og Telemark sitt fylkeskommunale ungdomsråd. Dei som ville stille til val blei intervjua av medlemer i det fylkeskommunale ungdomsrådet. 

Ungdommane leia samlinga sjølv. Dei har hatt ulike arbeidsoppgåver, slik at alle har fått moglegheit til å sei si meining.

På samlinga var det gjester frå mellom anna fylkeskommunen, som dei kunne stille spørsmål til. Elles var det underholdning og gallamiddag på kvelden, og medlemane fekk høve til å bli kjent med andre ungdommar i fylket.