Det er i tillegg etablert ei lokal prosjektgruppe som har hovudansvaret for å implementere og igangsette tiltaka lokalt. Prosjektleiar lokalt skal jobbe i 40 % stilling, fram til og med april.

Vest Telemark kommunene skal tilby:

  1. Varsling- og lokaliseringsteknologi.
  2. Elektronisk medisineringsstøtte.
  3. Digitalt tilsyn (sensorteknologi).
  4. Digitalt tilsyn (kamera).

Her finn du meir informasjon om kva velferdsteknologi er (pdf)

Digital innbyggjardialog

Frå medio januar kan du som mottek helse- og omsorgstenster, samt pårørande, i Nissedal kommunisere med Nissedal kommune sine helsetenester via Helsenorge.no.  

Her kan du:

  • sende og motta meldingar fra helse- og omsorgstenestene i kommunen
  • sjå avtalar om heimebesøk og avbestille besøk
  • få varslar om utførte heimebesøk på tekstmelding eller e-post

Her kan du sjå ein informasjonsvideo

I løpet av første halvår 2021 vil alle tenestene innan eininga Velferd, ha digital innbyggjardialog.

Alle har kjernejournal

Kjernejournal er ei elektronisk teneste som inneheld viktige opplysningar om helsa di. Les meir her

Både du som innbyggjar og helsepersonell har tilgang til informasjonen i denne tenesta.

Her får du full oversikt over meldingar i innboks, reseptar, frikort og eigenandelar, timeavtalar, tilvisingar, prøvesvar, val av behandlingsstad, val av og byte av fastlege, helsekontaktar,  pasientreiser, sjukdom, kritisk info, m.m.

  • Blir du akutt sjuk, har helsepersonell rask og sikker tilgang til opplysningane i kjernejournalen din.
  • Kjernejournal er tilgjengeleg på alle sjukehus i Noreg, og innførast i alle kommunar og fylke, men nokre få legevakter og legekontor har ikkje teke i bruk tenesta ennå.

Ta fram bankbrikka/mobilkoden og logg deg på, og få oversikt over kjernejournalen din i dag.

https://www.helsenorge.no/personvern-og-nettsikkerhet/innlogging-pa-helsenorge-no/