Kurset er for omsorgsgjevarar med barn fødd i 2018 og 2019. Kurset går over 6-7 gonger, 1 ½  time kvar gong.

Oppstart onsdag 10. januar 2024 kl.17.30
Me vil dele inn omsorgsgjevarane i geografiske grupper. Kvar gruppa kan bli enige om det er best å ha kurs på dag ell kveldstid. 

Påmelding til kurshaldar innan 5. januar 2024:

  • Marianne Bråten Odden mob. 97665770 – Nissedal og Fjone
  • Signe Marie Svalestog mob. 99598135 – Treungen og Fjone 
  • Anita Haugstad Haugsjå mob. 91919123 – Treungen 

Ta kontakt om de lurar på noko!

Målet med kurset

Målet er at barnet og me som foreldre skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå meir robust til å møte utfordringar me møter i livet. Kurset skal også bidra til eit endå betre samspel og relasjon mellom oss og barna våre.

Trygghetssirkelen hjelper oss til å sjå kva behov barna har for foreldras støtte, både når dei utforskar verden og når dei opplever vanskelege følelsar. 

Håpar så mange som mogleg har lyst til å vere med!

Me håpar og at det vil bli ein fin arena å treffast for småbarns foreldre. 

Det blir enkel servering.

 

Vel møtt! 

Beste helsing 

Anita, Marianne og Signe Marie