Me i Nissedal ynskjer å tilby kurset til omsorgsgjevarar til barn som er født i 2021, altså dei som har fylt eller fyller to år i 2023. Kurset går over 8/9 gonger - 2 timar kvar gong.

Oppstart 14. september kl.17.30.

Me vil dele inn omsorgsgjevarane i geografiske grupper. Kvar gruppe kan bli enige om det er best å ha kurs på dag eller kveldstid. 

Påmelding gjerast til kurshaldar innan 7. september 2023:

  • Marianne Bråten Odden mob. 97665770 – Nissedal og Fjone
  • Signe Marie Svalestog mob. 99598135 – Felle
  • Anita Haugstad Haugsjå mob. 91919123 – Treungen

Ta kontakt om de lurar på noko!

Målet med kurset

Målet er at barnet og me som foreldre skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå meir robust til å møte utfordringar me møter i livet. Kurset skal også bidra til eit endå betre samspel og relasjon mellom oss og barna våre.

Trygghetssirkelen hjelper oss til å sjå kva behov barna har for foreldras støtte, både når de utforsker verden og når de opplever vanskelege følelser.

 

Håpar så mange som mogleg har lyst til å vere med!

Me håpar og at det vil bli ein fin arena å treffast for småbarnsforeldre.

Det blir enkel servering.

 

Vel møtt!

Beste helsing

Anita, Marianne og Signe Marie