Nissedal kommune ynskjer velkomen til folkemøte om Fjoneferja på Nisser Hytte­grend og Camping onsdag 28. juni kl. 18!

Noverande drivar av ferja har sagt opp driftsavtalen og køyrer ferja fram til 15. oktober 2023. Kommunen har søkt etter ny operatør, men ingen potensiell drivar melde seg innan fristen 15. juni 2023.

Før kommunestyret 3. mai skulle ta stilling til spørsmålet om å fjerne bindinga mellom ferjedrift og eigedomen Fjonesundet samt kutte vinterdrift av ferja frå januar til april, fekk dei folkevalde innspel frå 127 brukarar av Fjoneferja. Domen var klar: Heilårsdrift av ferja utan å kutte bindinga mellom ferjedrift og eigedomen Fjonesundet. Og slik blei resultatet i kommunestyret – mot éi røyst.

I brevet ber brukarane av Fjoneferja om å bli tatt med på råd kva gjeld ferjetilbodet, og etterlyser eit folkemøte med informasjon om vidare drift og samarbeid med fylkeskommunen.

På folkemøtet 28. juni ynskjer kommunen dialog om og innspel til vidare drift av ferja frå 15. oktober 2023. Frå Nissedal kommune stiller kommunedirektør Sverre Sæter, avdelingsleiar teknisk Knut Nilsen og underskrivne.

Me håpar på eit konstruktivt og godt møte!

Beste helsing

Styrk Fjærtoft (næringssjef)