Imponerande mange møtte fram på kommunens folkemøte om Fjoneferja onsdag 28. juni - så mange at ekstrastolane måtte fram i bestestoga på Nisser Hyttegrend og Camping! Kring 60 hadde møtt fram til det som på mange vis blei ein idédugnad med mål om vidare ferjedrift frå 15. oktober.

Kommunedirektør Sverre Sæter var klar på at målet med møtet var å finne lokale krefter som kan tenke seg å bli operatør av Fjoneferja frå 15. oktober 2023 - med eller utan drifting av kaféen.

Innspel, ytringar, spørsmål og framlegg til løysingar var mange - alt i ein konstruktiv tone med mål om vidare ferjedrift.

Frå påske til jol

Det var innspel frå 127 brukarar av Fjoneferja som gjorde at kommunestyret 3. mai banka heilårsdrift av Fjoneferja. På folkemøtet var det likevel klar semje om drift delar av året (til dømes frå påske til jol) er langt betre enn inga drift dersom ein ikkje lukkast med å skaffe operatør som er villeg til å køyre heile året.

Næringssjef Styrk Fjærtoft understreka at det er folk på Fjone som må gå saman og melde dette til dei folkevalde dersom dette kan vere ei tenleg løysing for vidare drift av både ferje og kafé.

Ring Knut

Det hastar å få på plass ny operatør! Avdelingsleiar teknisk, Knut Nilsen, ber folk kontakte han snarast på mobil 93 23 18 37 om dei kan tenke seg å drifte ferja!

Dersom kommunen ikkje lukkast med å få tak i lokal operatør innan utgangen av neste veke (9. juli), blir det nasjonal utlysing av stillingen.

Om den nye operatøren ikkje har sertifiseringane det er krav om per i dag, så vil kommunen koste opplæring som må vere på plass før 15. oktober.