Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Innsynsrett i offentlege dokument

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unnatak som er heimla i lov. Sjølv om eit dokument kan haldast unna offentleggjering, skal kommunen vurdere om dokumentet likevel bør kunne gjerast kjent heilt eller delvis (meirinnsyn). Eit dokument er ikkje berre papirbasert informasjon, men i prinsippet all informasjon som er lagra. Du har likevel berre innsyn i databasar dersom ein kan søkje opp informasjonen på ein enkel måte.

    Eksempel på dokumenttypar du kan krevje innsyn i er:
    • politiske møter
    • byggjesaker
    • kommunale planar
    • revisjonsrapportar
    • kunngjeringar frå kommunen.

    Kriterium/vilkår

    Krev du innsyn i saksdokument, må kravet gjelde ei bestemt sak, eller i rimeleg grad saker av ein bestemt art.

    Pris for tenesta

    Kommunen kan krevje betalt for utskrifter, kopiar og utsending når sidetalet i ei sak er over 100. Da kan det krevjast ei krone per ark utover 100 og betaling for heile utsendinga. For høgkvalitetskopiar gjeld det eigne reglar.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta. Når du har funne fram til eit dokument som du vil bestille, kan du krevje innsyn, skriftleg eller munnleg. Kommunen har også plikt til å hjelpe deg å finne dokument gjennom arkivsystemet.

    Skjema

  • Saksbehandling

    Saksbehandlingstid

    Kravet om innsyn skal avgjerast så raskt som mogleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan éin til tre virkedagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen tok imot kravet ditt, blir dette rekna som eit avslag.

    Klagemulighet

    Dersom du får avslag på kravet ditt om innsyn, skal kommunen vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Kommunen skal også opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen. Du har også klagerett dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar etter at kommunen har teke imot kravet. Dette blir da rekna som eit avslag.

    Klagen skal avgjerast så raskt som mogleg. I tilknyting til klagebehandlinga kan statsforvaltaren også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Fellestenesta
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Wenche Grønås
    Tittel:Arkivansvarleg og beredskapskoordinator
    Telefon:35048446
    Epost:wenche.gronas@nissedal.kommune.no
    Navn:Hildegunn Rønningen
    Tittel:Konsulent arkiv
    Telefon:35 04 84 47
    Epost:hildegunn.ronningen@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar