Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tobakkssal - registrering og internkontroll

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Alle verksemder som sel tobakksvarar og tobakkssurrogater (som e-sigarettar) skal sjølv registrere salsstadane sine i Tobakkssalgsregisteret. Sal av tobakksvarar eller tobakkssurrogater på stadar utan registrering er ulovleg.

    Tobakkssalgsregisteret er offentleg og skal gje oversyn over:

    • lovlege salsstadar og grossistar av tobakksvarar og tobakkssurrogater
    • kva for salsstadar og grossistar det lovleg kan omsetjast tobakksvarar og tobakkssurrogater til og frå
    • kva for salsstadar og grossistar det skal førast tilsyn med

    Målgruppe

    Det er verksemda som er juridisk ansvarleg for salsstaden som er registreringspliktig. Dersom verksemda har fleire salsstadar, skal kvar enkelt salsstad registrerast.

    Registreringsplikta gjeld både fast og mellombels sal.

    At alle salsstadar må registrerast inneber at omreisende sal berre er tillate der kvar enkelt salsstad er registrert, slik at kommunen kan førae tilsyn der salet skjer til kvar og ei tid. Unntak gjeld for tog og skip som er kollektive transportmiddel og cruiseskip, som Helsedirektoratet skal føre tilsyn med.

    Kriterium/vilkår

    Det er ingen spesielle vilkår for registrering, anna enn at verksemda må registrerast i Einingsregisteret.

    Pris for tenesta

    Det kostar ikkje noko å registrere seg i registeret. Men kommunen kan krevje ei årleg tilsynsavgift på 4700 kroner. Frå mellombelse salsstadar kan tilsynsstyresmakta krevje ei årleg avgift på 1250 kroner.

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar


    aaa
  • Lover og forskrifter

    I folkehelseloven, se kapittel 3.

    Lover

    Folkehelseloven
    Tobakksskadeloven

    Forskrifter

    Tobakkssalgsforskriften

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Dei som sel tobakksvarar og tobakkssurrogater må registrere seg i tobakkssalgsregisteret.

    Registrering skje seinst 14 dagar før salet startar, for å sikra at kommunen kan planleggje og føre tilsyn.

    Innlogging skjer ved bruk av ID-porten/MinID.

    For å kunna registrere på vegne av ei verksemd, må du ha ei bestemd rolle i verksemda, til dømes dagleg leiar, styreleiar eller lignande. Alternativt kan du få delegert rettar til å registrere på vegne av verksemda.

    Tobakksalgsregisteret https://tbr.helsedirektoratet.no/

    Les meir hos Helsedirektoratet.

    Vedlegg


    Søknadsfrist


  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Det er salsstaden sin internkontroll som er gjenstand for tilsynet til kommunen. Salsstadar/detaljistar pliktar å etablere ein internkontroll jf. tobakksskadeloven § 5 . Internkontrollen skal tilpassast den enkelte salsstaden og blant anna å bidra til at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap om regelverket.

    Kommunen kan påleggje retting og tvangsmulkt etter tobakksskadeloven § 8 eller gje salsforbod etter tobakksskadeloven § 9 .

    Kommunen kan krevje ei årleg tilsynsavgift på 4700 kroner. Frå mellombelse salsstadar kan tilsynsstyresmakta krevje ei årleg avgift på 1250 kroner.

    Saksbehandlingstid


    Klagemulighet

    Viss du er misnøgd med tilsynet til kommunen eller du ynskjer å klage på sanksjonar du har fått, vert gjort dette til Fylkesmannen. Det er folkehelseloven kapittel 3 som gjeld for klagehøvet ditt.

    Merknader


  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Rådmannsgruppa
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Sverre Sæter
    Tittel:Rådmann
    Telefon:35048402
    Mobil:99340862
    Epost:sverre.seter@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-07 10:24
    Gyldig fra
    2017-11-27
    Gyldig til
    2019-12-31