Val til kommunestyret og fylkestinget
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Ved å røyste er du med på å bestemme kva for parti og personar som skal avgjere saker som har påverknad på kvardagen din.
Demokratiet står sterkt i Noreg. Det representative demokratiet utgjer kjernen i det norske folkestyret. Det er kommunestyre- og fylkestingsval kvart fjerde år.
Alle veljarane får tilsendt valkort frå kommunen. På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å røyste, men det går raskare dersom du tar det med. Ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om valkortet.
Vallova seier at ein veljar som er ukjend for røystemottakaren, skal legitimere seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røyste. Det er ikkje nok å opplyse om namn og fødselsdato.
Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Noreg nokon gong i løpet av dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.
Valstyret tar valoppgjer for kommunestyrevalet/fylkestingsvalet. Først finn valstyret ut kor mange representantar partiet eller gruppa får i kommunestyret/fylkestinget. Deretter tel ein opp røystesetlane og registrerer personrøystene for å finne ut kva for kandidatar som bli valde.
Målgruppe
Alle med røysterett og som står i manntalet
Kriterium/vilkår
Desse har røysterett:
Norske statsborgarar som- vil ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
- er, eller nokon gong har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg
- ikkje har mista røysteretten etter Grunnloven § 53
Ikkje-norske statsborgarar som oppfyller dei andre krava, dersom dei
- har stått innført i folkeregisteret som busette i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller
- er statsborgar i eit anna nordisk land og er blitt folkeregisterført som busette i Noreg seinast 30. juni i valåret
Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
-
Lover og forskrifter
- Skjema
- Saksbehandling
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Fellestenesta Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Anne Aarak Tittel: Konsulent - heimeside Telefon: 35 04 84 15 Epost: anne.aarak@nissedal.kommune.no Navn: Wenche Grønås Tittel: Konsulent - arkiv/personal Telefon: 35048446 Epost: wenche.gronas@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2018-12-07 10:24
- Gyldig fra
- 2015-01-08
- Gyldig til
- 2019-12-31