Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Digital postkasse

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Stat og kommune går over til å sende brev og annan informasjon til innbyggjarane på nett. Det gir ein enklare kvardag for deg som innbyggjar, mellom anna fordi du får raskare svar frå kommunen og andre offentlege myndigheiter.

    Når det offentlege sender viktig post til deg, får du varsel på SMS eller e-post om kvar du skal logge inn for å lese brevet. Personleg innlogging gjer systemet trygt å bruke, og det er berre du som har tilgjenge til breva dine.

    Du vil òg kunne få servicemeldingar og informasjon som til dømes påminning om legeavtalar, varsel om stenging av vatn eller melding om når det blir snømoking i gata der du bur slik at du får høve til å flytte bilen din.

    Du er òg med på å spare miljøet og redusere offentlege utgifter.

    Dersom du framleis vil ha brev på papir, må du reservere deg mot kommunikasjon på nett. Sjå nedanfor.

    Kriterium/vilkår

    Du må kunne ta imot SMS og/eller e-post.

    aaa
  • Lover og forskrifter
    Sjå
    forvaltningsloven § 15a og § 16
    eForvaltningsforskriften § 8 og § 9

    Lover

    Forvaltningsloven

    Forskrifter

    eForvaltningsforskriften

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Tidlegare måtte offentlege verksemder innhente samtykke til elektronisk kommunikasjon. No er kravet til samtykke fjerna. Derfor må innbyggjarar som ikkje ønskjer å kommunisere digitalt, aktivt reservere seg mot dette.

    Dersom du ikkje reserverer deg, gjev du altså automatisk samtykke.

    Etter § 9 i eForvaltningsforskrifta kan du reservere deg mot å få desse meldingane elektronisk frå forvaltninga:

    • enkeltvedtak
    • førehandsvarsel etter forvaltningslova § 16
    • andre meldingar som er viktig for rettsstillinga di eller for behandlinga av saka
    • meldingar som det av andre grunnar er spesielt viktig å sikre at du får

    Kontroller at opplysningane dine er riktige (bruk lenkja over: Oppdater kontaktinformasjonen din).

  • Saksbehandling
  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Fellestenesta
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2022-12-20 11:23
    Gyldig fra
    2016-04-28
    Gyldig til
    2019-12-31

Tjenester