Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Klage på helse- og omsorgstenester

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Kva du kan klage på
    Dersom det har skjedd ei uønskt hending, ein feil e.l. kan du klage munnleg eller skriftleg til dei som har levert tenesta, altså til personen, avdelinga eller til kommunen.
     
    Dersom du meiner at det er gjort feil vedtak eller du vil klage på kvaliteten i tenesta, kan du klage til Statsforvaltaren. Slike klager kan for eksempel gjelde:
    • fagleg uforsvarleg behandling
    • dårleg kommunikasjon
    • blitt avvist frå øyeblikkeleg hjelp
    • saksbehandlingsfeil ved vedtaket
    • andre forhold som er kritikkverdige.
     
    Som pasient eller pårørande har du rett til å varsle Helsetilsynet dersom det har skjedd ei svært alvorleg hending i samband med utført helsehjelp. Slike varslingar kan for eksempel gjelde:
    • dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar
    • ei alvorleg hending som følgje av yting av helse- og omsorgsteneste eller ved at pasient eller brukar har skadt ein annan
    • utfallet er uventa ut frå pårekneleg risiko.
    Du kan varsle Helsetilsynet på denne varslingstenesta eller på telefon: 474 86 882.

    Målgruppe

    Pasientar, brukarar og pårørande.

    Kriterium/vilkår


    Pris for tenesta


    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar


    aaa
  • Lover og forskrifter
    Les om retten til nødvendig helsehjelp i pasient- og brukarrettslova §§ 2-1a og 2-1b.
    Les om saksbehandlinga i klagesaker i pasient- og brukarrettslova §§ 7-4 og 7-4a.
    Les om retten til å klage eller varsle: pasient- og brukarrettslova § 7-6.

    Lover

    Helse- og omsorgstjenesteloven
    Pasient- og brukerrettighetsloven
    Psykisk helsevernloven
    Spesialisthelsetjenesteloven

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Korleis klage direkte til den som har utført tenesta
    Hovudtilrådinga er at uønskte hendingar blir tekne opp direkte med dei som har levert helse- og omsorgstenesta, eventuelt leiarane deira. Alle tenester skal ha ordningar for dette. Meldingane kan vere skriftlege eller munnlege.
     
    Korleis sende klage til Statsforvaltaren
    • Bruk gjerne Melding til Statsforvaltaren dersom du vil sende klaga digitalt. Dette elektroniske skjemaet er ei sikker løysing, det vil seie at du også kan bruke skjemaet til å sende inn sensitive opplysingar, som helseopplysingar. Fordi skjemaet er ei sikker løysing, må du logge inn via ID-porten. Du kan også bruke skjemaet til å laste opp større vedlegg, det kan vere aktuelt dersom du allereie har skrive klaga di i eit tekstdokument. Då lastar du berre opp dokumentet inne i skjemaet.
    • Statsforvaltaren tek sjølvsagt også i mot klager i form av vanleg brevpost.
    • Dei kan også motta klagar per telefon, men vi tilrår sterkt å sende inn ei skriftleg klage dersom du er i stand til å skrive.
    Korleis sende varsel til Helsetilsynet
    Du skal sende varsel til Helsetilsynet via denne varslingstenesta.
    Du kan også ringje til Helsetilsynet på telefonnummer 474 86 882 (kl. 09.00–15:00).

    Vedlegg


    Søknadsfrist


  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Klagebehandling i kommunen
    Dersom du klagar til kommunen på eit vedtak, for eksempel eit avslag på ein søknad om omsorgshjelp, vil klaga behandlast av det organet som fatta vedtaket det blir klaga på. Dette organet - underinstansen i klagesaka - kan oppheve eller endre sitt eige vedtak dersom det finn grunn til det. Dersom underinstansen ikkje vil endre vedtaket sitt, skal saka sendast til klageinstansen, som kan gjere ei heilt ny og sjølvstendig vurdering av saka. Opprettheld kommunen sitt vedtak, kan du klage vidare til helsetilsynet i fylket.
     
    Klagebehandling hos Statsforvaltaren
    Statsforvaltaren vil innhente nødvendig informasjon frå verksemda og personellet det blir klaga på. Deretter blir ei vurdering gjord av ein jurist og ein helsefagleg saksbehandlar. Vurderinga blir send ut skriftleg i form av eit brev. Når du har klaga vil du få innsyn i saksdokumenta og vil få høve til å uttale deg.
     
    Saksbehandlinga i Helsetilsynet
    Ein saksbehandlar i Helsetilsynet vil kontakte deg i løpet av dei komande vyrkedagane for å få nærmare opplysingar om hendinga.
    Alle varsel blir undersøkte. Etter den innleiande undersøkinga blir varsla følgde opp på litt ulike måtar, avhengig av kor alvorleg og kompleks hendinga er og om det er risiko for at tilsvarande hendingar skjer på nytt.
    I tillegg til å kontakte deg for å få meir opplysingar om hendinga, innhentar Helsetilsynet også nærmare opplysingar frå verksemda før dei avgjer korleis varselet skal følgjast opp.

    Saksbehandlingstid


    Klagemulighet


    Merknader


  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2020-01-03 10:37
    Gyldig fra
    2020-01-20
    Gyldig til
    2021-01-24