Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Byggavfall - kjeldesortering

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning.

    Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane.

    Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest.

    Alt avfall frå riving og miljøsanering må handterast og dokumenterast før du kan få ferdigattest.

    Målgruppe

    Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak

    Kriterium/vilkår

    Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna

    • nybygg over 300 m2 bruksareal 
    • riving/rehabilitering av bygg over 100 m2 bruksareal
    • fasadeendring eller vesentleg reparasjon av bygg over 100 m2 bruksareal
    • dersom tiltaket genererer meir enn 10 tonn byggavfall.
    aaa
  • Lover og forskrifter

    Sjå spesielt

    • Byggteknisk forskrift (TEK 17) kapittel 9 Ytre miljø
    • Byggesaksforskrifta (SAK 10) § 8-1
    • Avvfallsforskrifta kapittel 11

    Forskrifter

    Avfallsforskriften

    Byggesaksforskriften (SAK 10)

    Byggteknisk forskrift (TEK17)

    Retningslinjer

    Alt du trenger å vite om avfall og miljøsanering

    Avfallsregler i plan- og bygningsloven (veileder fra DiBK)

    ___
  • Skjema

    Rettleiing - korleis få utført

    Ein tilrår at du nyttar skjemaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.

    Avfallsplanen skal m.a. innehalde

    • eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
    • ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast

    Skjema

    Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har samla alle byggesaksskjemaene på sida Byggesaksblanketter.

    Vedlegg

    Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
    Dette kan vere

    • ordinær kvittering frå avfallsmottak
    • deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
    • eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)
  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    For tiltak som både
     

    • krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
    • utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing
       

    vil behandling av avfallsplan og miljøsaneringsutgreiing vere knytt opp mot byggjesaksbehandlinga.

    Saksbehandlingstid

    Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak

    Klagemulighet

    Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Plankontor
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Birger Heimdal
    Tittel:Byggesaksbehandlar
    Telefon:35 04 84 21
    Epost:birger.heimdal@nissedal.kommune.no
    Navn:Vidar Stigen
    Tittel:Oppmålingsingeniør
    Telefon:35 04 84 32
    Epost:vidar.stigen@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar