Om Mila

Mila aktivitetssenter er eit kommunalt hus som høyrer til Eining for velferd.
Huset ligg sentralt i Treungen, på sørsida av brua.
Mila har eit stort usjenert uteområde som kan nyttast alle årstider.

Mål for Mila
Bidra til å gje alle som nyttar huset ein aktiv og meiningsfylt kvardag i eit sosialt fellesskap. Vi trur at det er viktig for alle å ha eit arbeid eller ein plass å møtas.

På Mila aktivitetssenter finn du:

  • Dagsenter
  • Fredagsgruppe
  • Vaksenopplæring
  • Lokale for utleige

Dagsenteret

Dagsenteret gir tilbod til personar busett i Nissedal kommune.

Du kan kontakte tenestekontoret eller Mila direkte for informasjon om tilbodet.

Ope måndag til torsdag frå kl. 09.30 – 15.00.

På dagsenteret finn du aktivitetar som:

  • Tekstil, vi sel produkt, tar imot reprasjonar og utfører saumoppdrag etter avtale
  • Pakkeoppdrag
  • Avis-/lesegruppe
  • Fysisk aktivitet, trim
  • Turar i nærmiljø og dagsturar
  • Matlaging
  • Song og musikk
  • Praktisk arbeid ute og inne


På dagsenteret er det viktig at vi kan akseptere kvarandre som den ein er. Her kan vi lære og hjelpe kvarandre og ta hensyn til den enkeltes behov og føresetnader. Vi har fokus på å tilretteleggje slik at alle kan delta og bidra på sin måte.

Du er velkommen innom for ein handel eller prat!

Fredagsgruppa

Fredagsgruppa er eit såkalla ”lågterskeltilbod” eller trivselstilbod som blir drive i samarbeid med Tenesta for psykisk helse.
Her kan du treffe nye menneske i trygge omgivnader. Du kan drive med ein aktivitet, men det er ikkje noko krav for å komme hit.

Ope annankvar fredag i oddetalsveker frå kl. 10.00 – 15.00.

Ulike aktivitetar for fredagsgruppa:
- Ta ein kopp kaffi eller ete matpakka saman med andre
- Lage noko godt på kjøkkenet
- Lese avisa, sjå ein film, lytte til musikk
- Låne ei bok eller prate om noko du har lese
- Spele eit spel, løyse eit kryssord, prøve deg på data
- Sy, hekle, strikke, måle eller ta med hobbyen din
- Lære noko nytt, eller kanskje du har noko du kan tenke deg å lære bort til andre?
- Gå ein tur i lag med andre (kort eller lang)
- Trim, avspenningsøvingar, ribbevegg, trimsyklar og massasjestol
- Individuelle samtaler etter behov

Har du psykiske plager eller er for mykje aleine, kan dette vere noko for deg.

Sanse - avslapningsrom

Mila har innreia eit kvitt rom. Rommet innbyr til ro, avslapping og ei stille stund. Eit ”døserom”, men også ideelt for musikklytting og ettertanke. Rommet kan nyttast etter avtale med dagsenteret. 

Vaksenopplæring

Det blir gitt undervisningstimar av eigen lærarar. Søknad om undervisning til Eining for oppvekst og kultur. 

Utleige

Mila kan leigast i helger og på kveldstid til ulike arrangement og private selskap.
Huset blir også nytta fast av andre einingar i Nissedal kommune.
Kontakt dagsenteret for nærare info. 

Brukarmedverknad

Mila har eigen brukarrepresentant som kan kontaktast når det gjeld drifta av huset.